Endeleg er studenthuset på Rauland ferdig!

tor. 25 jan.
Studentbolig/Rauland/Studenthuset/studenthuset_stubben--7_ub2eiu

Mellom universitetsbygningen og studentbustadene markerer det nyleg ferdigstilte studenthuset i Rauland ein betydningsfull milepæl for studentane i regionen.

Studenthuset Stubben er klar!

Frå nyttår 2024 kan studentane på Rauland ta i bruk det splitter nye studenthuset sitt. Huset, som er kalla Stubben, ligg midt imellom Universitetsbygget og studentbustadene på Rauland, og det er kort avstand mellom bygga.

Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (SSN) overtek bygget frå entreprenør Skorve A/S 6. desember 2023. 

– Me er veldig stolte av både dei nye studentbustadene på Rauland, som me åpna  tidlegare i år, og det nye flotte studenthuset. Dette er både moderne og berekraftige bygg. Det seier administrerande direktør i SSN, Hans Erik Stormoen.

Spleiselag 

Studenthuset skal husa studentforeiningar, og det har eit stort festlokale som det på sikt vil vera mogleg for andre aktørar å nytta seg av. Både kommunen og SSN har bidrege til å få opp bygget.  

– Dette er eit spleiselag. Me er svært glade for at studentane i Vinje får eit flott lokale no, seier ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven. 

Han er strålande fornøgd. 

– Dette er viktig for å styrkja Raulands posisjon som universitetsbygd.

Festsalen i studenthuset med parkett, trepanel på vegger og akustikkplater i taket

Festsalen i studenthuset har parkettgolv som er valt spesielt for å danse på. Dei resterande materialvala er også gjorde for at rommet skal kunne nyttast til dans og musikk.

Studentane tek eigarskap  

Studentane har allereie bestemt at huset skal heita Stubben. Husets framtid blir diskutert flittig av både studentar, SSN og campus-styret.  

– Både innreiing, namn og bruk er det stor interesse for. Det er flott å sjå at ein så tradisjonsrik og viktig campus som Rauland no samlar seg om det nye flotte lokalet sitt, avsluttar Stormoen.

Hvitt kjøkken i studenthuset
Festsalen sett mot kjøkken og kontordelen.

Studenthuset inneheld kjøkken, toalett og fleire kontor i tillegg til storstova.

Les meir:

Student på Rauland? Finn ut korleis du får tilgang til studenthuset.

Studenthuset på Rauland bygges for dans og felespill.